Vikebladet Vestposten skreiv tidlegare denne veka at prosjekteringsgruppa for Ulstein Arena har saksøkt Ulstein kommune. Prosjekteringsgruppa representerer Lund + Slaatto Arkitekter AS, Arkitektkontoret Nils Tveit AS, Bjørbekk og Lindheim As, Dr. tech. Olav Olsen AS, Moe Rådgivende Ingeniører AS, ECT AS, SWECO AS, Rambøll Norge AS og Multiconsult AS. Stemninga er på 1200 sider.

Vikebladet Vestposten har fått tilgang på 46 sider av dokumentet, der alle summar og timesoversikter med meir er sladda. Det er såleis ikkje mogleg å få vite kor stor sum dei meiner å ha uteståande med Ulstein kommune, men ein kan lese historia som kan forklare kvifor ting har blitt ein del dyrare enn tidlegare tenkt.

Dårleg fjell var ein grunn

Vikebladet Vestposten har tidlegare skrive om at då dei skulle til å bore på tomta, viste det seg at der var dårleg grunn for bygging. Dette førte til meirarbeid og meirkostnader.

Den dårlege grunnen er omtala også i stemninga frå prosjekteringsgruppa. Dårleg grunn førte til at Dr.techn. Olav Olsen måtte omprosjektere og revidere mange av fundament-teikningane etter kvart som entreprenøren gjennomførte gravearbeida og avdekte dei reelle grunnforholda. Det står også at han måtte følgje opp byggjeplassen i langt større grad enn føresett, mellom anna som følgje av at entreprenøren la opp til å gjennomføre betongarbeida særs tett på gravearbeida. I tillegg til meirarbeidet oppfølginga i seg sjølv innebar, førte det til arbeidet med planlagt prosjektering vart forstyrra, med mindre effektiv teikningsproduksjon som konsekvens.

Dei dårlege grunnforholda førte til problem i fleire omgangar. Då trappa ved hovudinngangens skulle byggjast fann dei ikkje fjell, berre leire. Etter prøvegraving i fleire dagar vart det foreslått å endre fundamenteringsløysinga ved å bruke stålkjernepeler.

Fleire endringar undervegs

Prosjekteringsgruppa ytrar i stemninga si misnøye over at det vart så mykje endringar undervegs i prosjektet. Det har ført til meirarbeid for dei, som dei meiner at Ulstein kommune burde ha skjønt at førte til at prosjektet vart dyrare.

Den nederlandske bibliotek-arkitekten Aat Vos kom inn på eit seint tidspunkt (hausten 2016). Dette førte til endringar i dei opphavlege planane. Det vart diskusjonar om nye vegger, motoriserte gardiner, etablering av nye areal/rom, justering av himling og generell belysning. Omfattande bruk av digitale media førte også til at biblioteket trong meir straum. Dei måtte også til med ekstra opplegg for lyd- og lysanlegg.

Dette førte til meirarbeid for fleire fagmiljø.

Det står også i stemninga at etter ei synfaring i Molde, ville utbyggjar ha fleire endringar i symjehallen. Det var i utgangspunktet tenkt eit vaske- og spyleanlegg der ein spyla flisene med vatn, men no ville dei heller kunne spyle flisene med vatn, såpe og skum. Moe Rådgivende Ingeniører måtte omprosjektere anlegget til eit trerøyrssystem. Byggherre ønskte også fleire andre endringar, som mellom anna inndeling av familiegarderobe og flytting av stupetårn.

Det vart også endringar på takhøgda i idrettshallen, noko som førte til omprosjektering av stålsøyler, betongvegger og gesims.

Meirarbeid på innsparing

Ulstein kommune prøvde ein periode å skalere ned prosjektet, for å spare pengar. Også dette førte til meirarbeid for prosjekteringsgruppa. Arbeid dei skal ha pengar for.

Motsvar

Ulstein kommune jobbar med eit motsvar, og det kan bli omfattande.

Rune Urke, dagleg leiar i Ulstein Eigedomsselskap KF, vil ikkje seie så mykje til Vikebladet Vestposten når han blir ringt opp av underteikna til å kommentere stemninga.

Det kjem av posisjonen kommunen er i. No arbeider Ulstein kommune med det dei skal levere. Stemninga frå prosjekteringsgruppa er på 1200 sider, Urke varslar at det frå kommunen også kan bli omfattande, men det er vanskeleg å seie kor langt det blir.

– Er det sett nokon frist for når Ulstein kommune skal svare?

– Nei, ikkje etter det eg har sett, men me jobbar med det.

Vil ikkje ut med nokon sum

– Alle summar og oversikter over kor mange timer prosjekteringsgruppa meiner dei skal ha betalt for er sladda, men du vil ikkje røpe noko om kor mange kroner om lag det kan vere snakk om?

– Nei, det er der disputten ligg.

– Prosjekteringsgruppa hevdar at dei har hatt ein del ekstraarbeid, og at dei ikkje har fått betaling sidan 2016 for arbeidet dei har utført. Har du nokon kommentar til dette?

– Nei, det vil eg ikkje kommentere, svarer Urke.

Han har lese intervjuet med Axel Fiske, leiar i prosjekteringsgruppa, i torsdagsavisa og sett at han der seier at det framleis er håp om at partane kan finne ei løysing. Det håpar også Urke at dei kan, så dei slepp rettssak.

Må gå gjennom dette i fellesskap

Roy Henning Haddal, styreleiar i Ulstein Eigedomsselskap KF, vil ikkje kommentere til lokalavisa om han deler prosjekteringsgruppa si oppfatning om kva som har skjedd i denne saka. Han viser til at Ulstein kommune har kome med ei presssemelding. Stemninga er eit omfattande dokument som dei no må bruke tid til å gå igjennom. Dei vil så utforme eit tilsvar til stemninga.

- Vil dette bli gjort på eit styremøte, eller korleis går de fram?

- Nja, dette er like mykje administrasjonen som må gjere. Dette må gjerast i eit felleskap, svarer Haddal.

Det er førebels ikkje kalla inn til noko nytt styremøte i UEKF, men han reknar med at det blir eit slikt møte rimeleg kjapt på nyåret.