Ferdigutdanna styrmann fann ikkje fast arbeid:

Kjøpte eigen fiskebåt og satsar for seg sjølv

24-år gamle Arthur Hareide har gått til innkjøp av ein 29 fots sjark og mykje utstyr, og gler seg til å dra på lofotfiske i januar. No får han kombinere hobbyen sin med jobb.

Onsøygutt No er Arthur Hareide sin 29 fot lange sjark snart klar for lofotfiske. Det står framleis att å gjere nokre mindre førebuingar, men 1971-modellen er stort sett klar å fangste torsk.   Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Nyhende

Nyleg fekk Arthur Hareide godkjent søknaden sin til Hareid kommune sitt næringsfond om støtte til å starte opp innan fiskeri.