Ulstein kommune har fått løyve til å bygge gangveg i Botnen:

– Vi går her med hjartet i halsen

Maciej Szymanski, Reidar Garnes og Marek Bartoszek med familiar håper politikarane i Ulstein finn midlar til å få på plass naudsynte tryggande tiltak i tilknyting til fylkesvegen i Botnen. Eit løyve frå fylkeskommunen ligg no på bordet – det som står att er finansiering.

I dagslys Teknisk eining i Ulstein kommune fekk før jul godkjent søknaden sin om løyve til å bygge gangveg i tilknyting til fylkesvegen.   Foto: Arkiv.

Nyhende

Innbyggjarane i Botnen like sør for Ulsteinvik har kjempa ein årelang kamp for å få på plass tryggande tiltak kring den trafikkfarlege fylkesvegstrekninga som går forbi bustadane deira. Ved fleire høve har dei vore freista til å gje opp kampen, men på vegen har det også kome enkelte lysglimt. Like før jul kom det eit slikt lysglimt i form av eit brev frå Lisbeth Smørholm, seksjonsleiar i Statens vegvesen i Møre og Romsdal, der det kom fram at Ulstein kommune no får løyve til å etablere såkalla fotgjengartilknyting til fylkesveg 61. Dette med bakgrunn i ein søknad utarbeidd av teknisk eining i Ulstein kommune, der ein situasjonsplan var skissert.