827 eigedomar skifta eigar i Ulstein, Hareid, Herøy og Sande i løpet av 2017.

Av desse vart 90 av dei selde for meir enn 3.000.000 kroner. 31 eigedomar kosta meir enn 4 millionar kroner, og dette er ein klar oppgang frå 2016.

Då var talet på eigedomar dyrare enn 4 millionar kroner på 18, ned frå 27 i 2015. Desse var dyrast i 2016.

Det er i Herøy flest eigedomar har skifta eigar dei siste åra, men det er i Ulstein dei fleste dyre eigedomane får nye eigarar. For medan det ikkje gjekk ein einaste eigedom for meir enn 4 millionar i Sande i 2017 var talet for Ulstein 20. Herøy hadde åtte, medan Hareid hadde tre.

Også dei dyraste eigedomane finn ein i Ulstein kommune. Tre eigedomar skifta eigar for meir enn 7 millionar kroner i løpet av 2017.

Forklaring til kartet: Kvar sirkel viser kor mange eigedomar som er selt i eit område. Klikk på sirkelen for ei meir detaljert visning. Du kan også klikke deg inn på kvar einskild eigedom for å få historikk. Du kan velje å nytte ei kartvisning eller du kan sjå flyfoto over området ved å trykke på firkanten på høgresida i toppen av biletet.

Sjøsida i Ulsteinvik hadde dei dyraste eigedomane som vart selde i løpet av 2017.