– Vi er overraska over omfanget, seier lensmannen.

Politiet såg tendensane i fjor: unge gutar i 15-17-årsalderen frå både Ulstein og Hareid som søkjer spenning. Dei siste vekene før jul var ungdomar frå det lensmann Hans-Eirik Pettersen seier kan omtalast som ein «uheldig gutekultur», involverte i biltjuveri, slåstkamp, innbrot, køyring utan førarkort.

– Det er snakk om heilt vanlege skuleungdomar som kjem frå heilt vanlege familiar. Men dei vert tiltrekte av den spenninga desse lovbrota inneber, seier Pettersen.

Veit du kor mange som er med i denne gjengen?

– Vi har ikkje heilt oversikt enno, men slik det ser ut no, er det snakk om ti-femten gutar. Vi vart overraska over at det har så stort omfang, og at det har vore gjentakande hendingar.

Natt til måndag 11. desember i fjor: ifølgje politiet bryt fire gutar seg inn i ein bilverkstad i Ulstein, tek nøklane til fire bilar og set seg bak rattet.

– Det var ei alvorleg hending. Gutar utan førarkort i stolne bilar, det var glatt og mykje snø. Dei hadde politiet i hælane og køyrde kanskje over evne. Det var høgt skadepotensial, fare for at det skulle skje ei større ulukke, seier lensmann Pettersen.

Ein av dei fire gutane vart pågripen i Hasundkrysset, dei tre andre stakk frå staden.

Midt på dagen fredag 22. desember: ein Toyota Rav 4 vert stolen medan eigaren har eit ærend i ein butikk i Ulsteinvik. Ifølgje politiet er det to av gutane frå hendinga 11. desember som står bak. Bilen kjem til rette etter ei stund.

I fjor haust braut gutar frå same gjengen seg inn i Ulstein Arena og sende bilde på Snapchat. Rett før jul var ein av gutane involvert i ein slåstkamp på ungdomsklubben i Ulsteinvik, alt ifølgje politiet.

– Dei er utruleg aktive på sosiale media, der ting vert planlagt og avtalt, dei har ein nokså tøff tone- også i etterkant av ei hending, seier lensmannen, og held fram:

– Det eine tek det andre i denne gutekulturen, og vi innser at vi må endre taktikk, vi må jobbe meir førebyggande i staden for å forfølgje dei, seier lensmannen.

No har politiet lagt ein plan for å få gutane på rett kjøl.

– Det som er så fint, er at vi har fått med oss både Ulstein og Hareid kommune. Dei stiller med ressursar og skal samarbeide med oss. Vi skal jobbe tettare oppimot denne gjengen, for å hindre at dei involverer seg i nye hendingar. Også foreldra er viktige her, både for å setje strenge grenser, passe litt meir på og også snakke med kvarandre, seier Hans-Eirik Pettersen.

Korleis skal dette samarbeidet gå føre seg i praksis?

– Det handlar om å møte gutane på deira arena, i deira miljø. Vi skal prøve å vere der, ikkje for å stigmatisere eller forfølgje, men for å endre haldningar. Vi må stanse den negative utviklinga før det er for seint, seier Pettersen. Dette inneber også at politiet skal følgje meir med på det som skjer i sosiale media.

Trur du at de får til dette, at de får bukt med dette gutemiljøpet?

– Ja, det har eg absolutt eit håp for. Eg må seie eg er uroa for konsekvensane viss vi ikkje får det til, seier lensmannen.