Veterinærkontoret meiner det er fleire fordelar:

Kampanje på kastrering

Fjorårets kattungar er i ferd med å bli kjønnsmodne. For å unngå å måtte avlive uønskte kattungar og for å unngå villkattproblem, anbefaler Veterinærkontoret i Ulsteinvik katteeigarar å kastrere pusane sine.

Kastrert Petra var ein av i alt fire hokattar som veterinær Eirik Svendsen og kollegaene ved Veterinærkontoret i Ulsteinvik kastrerte torsdag denne veka. – Ho har det godt, og har fått kvile litt etter inngrepet, fortel Svendsen til Vikebladet Vestposten.   Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Nyhende

Fram til i slutten av februar kan katteeigarar i regionen ta med pusane sine til veterinærkontoret og kastrere dyra til ein rimelegare penge enn elles.

– Det er eit relativt kjapt og trygt inngrep. Det er fleire fordelar ved å kastrere katten sin, mellom anna blir det mindre risiko for bitsår og alvorlege infeksjonar, visse typar kreft, mindre markering og slåstkampar, og ein får ein meir heimekjær katt, seier dagleg leiar og eigar av veterinærkontoret, Henriette Wiik Larsen.

Får inn fleire titals til avliving

Veterinær Eirik Svendsen fortel at veterinærkontoret må avlive mange kattar i løpet av eit år.

– Så har det seg også slik at vi diverre får inn fleire titals kattungar i løpet av eit år, som er uønskte eller overflødige og som skal avlivast. Dette kan ein vere med på å forhindre om ein kastrerer katten sin. Også i vårt område er det diverre mange kattar utan eigar som går rundt utan spesielt god tilgang på mat og som verkeleg ikkje har det bra. Vi bur også i ein ganske så vêrhard region av landet, og spesielt no på vinterstid kan det vere ekstra vanskeleg for ein katt som er utan heim å overleve, seier Svendsen og legg til:

– På same tid er det greitt å poengtere at dersom ein katt skal avlivast, så er det betre at ein tek dyret med inn til oss, enn at ein gjer det sjølv. Her blir det gjort på ein human måte, av profesjonelle. Det er sjølvsagt ingen hyggeleg jobb, men ein har jo sett fleire skrekkeksempel i diverse medieoppslag. Til dømes er det kattungar som berre blir sett ut i naturen utan tilsyn, og det er ikkje greitt. På denne måten kan det danne seg villkattstammar, og det kan ein få problem med i lang tid framover.

Anbefaler ID i same slengen

Henriette Wiik Larsen fortel at det kan vere ein fordel å merke katten med ein ID-chip i samband med kastreringa.

– Vi anbefaler også at det blir sett ID-merking på katten, slik at ein kan spore opp eigaren i tilfelle katten blir påkøyrd eller forsvinn. Chipen vi set inn kan også nyttast til katteluker, som gjer at berre din katt slepp inn i huset ditt, seier ho.