Reagerer på anbods-prosessen for brøyting i Hareid kommune

– Det kan ikkje ha gått rett for seg

– Ein kan ikkje hindre ein ordførar i å gje anbod på jobbar, men dette har med habiliteten i ein kommune å gjere, seier Roy Bikset, dagleg leiar i Com Net Maskin As.

Hadde menn og utstyr: Roy Bikset (i midten) reagerer på prosessen kommunen har hatt rundt kommunal brøyting. Han meiner tilbydarane burde ha vore kalla inn til møte der dei diskuterte mellom anna pris. Slik kunne kommunen ha spart pengar, meiner han. Her flankert av brøytekarane Diyan Dinev og Stian Scjelderup. 

Nyhende

Firmaet hans har stått for brøyting i Brandal og Hareid i 15 år. Såleis har dei opparbeidd seg god erfaring, og dei har mannskap og maskiner klare når snøen kjem. Men då dei leverte inn tilbod på vinterdrift av vegar 2017, vann firmaet Olebuda AS anbodet før dei.