Etterlyser kandidatar til Årets Bedrift

Tidlegare vinnar Kleven Maritime vart kåra til Årets Bedrift av Møre og Romsdal Fylkeskommune i 2012. No etterlyser fylkeskommunen nye kandidatar til prisen.  Foto: Arkiv / Linda Eikrem

Nyhende

Møre og Romsdal fylkeskommune er no på jakt etter kandidatar til Fylkesprisen Årets Bedrift 2017.

– Kandidatane kan komme frå alle bransjar innan industri, handverk og service. Veit du om ei bedrift i Møre og Romsdal som du meiner har utmerka seg på ein eller fleire måtar i løpet av året som har gått? Då ønskjer vi å høyre frå deg, heiter det i ei pressemelding frå fylkeskommunen.

Forslag til aktuelle kandidatar må vere sendt til Møre og Romsdal fylkeskommune innan 1. februar, saman med ei kort tekst om bedrifta og kvifor denne fortener prisen. Sjå meir på fylkeskommunen sine nettsider.

Fylkeskommunen fortel at dei vil legge vekt på følgjande felt når vinnaren skal kårast: Bedriftsøkonomi, rolle i regional næringsutvikling, miljøprofil og organisasjon.

Det er regional- og næringsutvalet som kårar vinnaren av Fylkesprisen Årets Bedrift.

For 2016 var det Tingvollost AS som fekk prisen. Mellom dei tidlegare vinnarane finn vi Ulmatec Pyro AS i Haram kommune, som fekk prisen i 2014, Kleven Maritime AS som vart prisvinnar i 2012 og Odim AS på Hareid som vart Årets Bedrift 2008.