Treng sikring og utviding av tunnelen

Hareid kommune ser at dei treng sikring og utviding av Engeskardtunnelen i Hjørungavåg. 

Nyhende

Hareid kommune ser at dei treng sikring og utviding av Engeskardtunnelen i Hjørungavåg.

Dei ber i samband med det om tilbod på ein rapport med forslag til løysing og kostnadskalkyle. Synfaring og reise skal vere inkludert i tilbodet.

Som vedlegg til saka ligg det med ein reportasje frå Vikebladet Vestposten med overskrifta «Med hjartet i halsen gjennom tunnelen», der innbyggjarane på Alme fortel om kor redde dei er når dei skal køyre gjennom tunnelen.


Med hjartet i halsen gjennom tunnelen

– Vi er redde kvar einaste gong vi skal køyre gjennom tunnelen. No er det på tide at kommunen tek og sikrar han, varslar innbyggjarane på Alme.