Det var januar 2017. Asbjørn Kleven skulle etter planen vere med på den syttande nyttårskonserten med HDU og Ulf. Men forma var ikkje god. Konserten er eit par øvingar unna då han får diagnosen: Lymfekreft.

– Eg var alvorleg sjuk. Eg måtte innsjå at eg måtte ta ein pause.

Det har vorte januar 2018. HDU og Ulf er berre eit par øvingar unna den attande nyttårskonserten. I sofaen heime i Skjerva på Dimnøya sit snart-82-åringen.

– Eg starta på igjen i korpset sist haust. Eg synest det er greitt å få bruke hovudet litt, eg har i alle fall nok erfaring, seier han og ler med heile seg.

Erfaring, ja. Med musikalske foreldre og søsken var Asbjørn berre sju år gamal då dei eldre brørne introduserte han for ein ventilbasun. Det vart starten på eit livslangt forhold: Asbjørn og korpsmusikken har halde lag i snart 75 år.

– Eg fekk ei veldig interesse for å spele. Eg gjekk etter kvart over til trompet og kornett, og eg spelte støtt. Eg gjorde vel lekser også, men for å gje mora mi litt fred, øvde eg ofte i naustet eller i det gamle hønsehuset.

Det meste av blåse- og pusteteknikk, notar og grep har han lært seg sjølv.

– Men eg har hatt mange gode dirigentar. Dei har eg lært mykje av.

I løpet av desse 75 åra har Asbjørn berre hatt to korte opphald frå musikken: i tillegg til sjukdomsperioden sist vinter spelte han ikkje dei første månadene i militæret.

– Då reiste eg heim og henta instrumentet, og så var vi ein gjeng soldatar som spelte saman, fortel Kleven.

Musikken har gått som ein raud tråd gjennom livet til Asbjørn Kleven. Men ikkje i arbeidslivet, som starta i familiebedrifta Kleven Verft då han, etter eit år på framhaldsskule, var femten år gamal. Der jobba han i nesten femti år, mesteparten av tida som formann for røyr- og maskinarbeidarane.

– Det var eit aktivt liv, men med litt planlegging og ikkje minst ei kone som tok seg av alt på heimebane, var det mogleg å få det til. Eg hugsar at eg var på korpsøving på måndagar, på øving med fellesorkesteret tysdag, onsdag på blandakor, torsdag på mannskor og så på korpsøving igjen på fredag. Og så eg var mange gongar tilbake på jobb om kveldane når øvingane var slutt, fortel han.

Saknar du arbeidet på verftet?

– Nei, eg vil ikkje seie det. Men då eg pensjonerte meg, sakna eg veldig kollegaene, dei eg hadde arbeidd saman med store delar av livet. Det var opp- og nedturar. Det kunne vere tøft, men det var gløymt når kom gode periodar.

At Kleven Verft i fjor fekk nye eigarar, vil 81-åringen helst sleppe å snakke om. Då snakkar vi heller om kvifor korpsmusikk fascinerer han slik, år etter år.

– Det handlar sjølvsagt om det sosiale. Så handlar det om å få bruke hovudet litt, sjølv om det ikkje lenger går like fort frå hjerne til fingrar, ler han og bevegar peikefinger, langfinger og ringfinger på høgre hand. Ventilfingrane.

Kva musikk likar du best?

– Eg er altetande. Eg høyrer mykje på musikk. Men eg er ingen mann på hardrock, der går grensa.

Asbjørn Kleven var med og starte Hasund og Dimnøy skulekorps i 1970. Då det vart vanskeleg å finne dirigent, tok han oppgåva sjølv.

– Eg sa ok, eg skal dirigere i eitt år, så får de prøve å finne ein ny dirigent. Men eg vart der faktisk i tretten år, ler han. Med heile kroppen.

Han er den eldste av alle musikantane i HDU og Ulf. I korpset spelar også to døtrer og to barnebarn. Laurdag vil det vise seg om all terpinga på øvingane har vore til nytte.

– Eg gler meg, det er alltid stor stas når ting klaffar. Det kan sjå litt mørkt ut på øvingane, men vi landar stort sett kvar gong.

Korleis er pusten då?

– Du, pusten er bra. Og det sjølv om eg har røykt mykje i mitt liv- men det treng du ikkje skrive, flirer han. – Men det kan no hende at nokon meiner at eg burde ha gitt meg for lenge sidan.

Har nokon sagt noko om det?

– Nei, nei. Eg har sagt at dei i så fall får seie det på ein fin måte, seier han. Og ler igjen.

– Men eg trur faktisk dei andre i korpset set pris på meg, det trur eg faktisk, legg han til litt meir alvorleg.

tenåring: Her er Asbjørn Kleven 16-17 år gamal. Foto: Privat
Fire brør: Frå venstre Arthur, Magnar, Kjersti (dottera til John), John og Asbjørn. Bildet er frå Kleven Verft sommaren 2007. Foto: Anne Gry Eilertsen