– Vi såg henne tysdag sist veke, då var ho utanfor huset her, fortel han.

Men ho kom ikkje inn om kvelden, slik ho vanlegvis gjer.

– Då tenkte vi at ho sikkert sat på trappa morgonen etter. Men det gjorde ho altså ikkje, seier Sjåstad då han møter lokalavisa i huset i Brunevegen.

I armane held han Chanelle (4), som er systera til den forsvunne Mina (5). Sjåstad og kona henta kattane på Austlandet for eit og eit halvt år sidan, som eit omplasseringsprosjekt.

– Vi kjøpte begge. Det var for gale å berre ta den eine, sidan dei har vore saman store delar av livet.

Sosiale kattar

Etter at Mina ikkje dukka opp igjen, har Sjåstad bede dei næraste naboane sjekke uthus og garasjar. Men katten har ikkje vore å sjå.

– Kattane er veldig glade i å vere inne om natta, for dei har berre ein tynn pels. Dei er ikkje laga for å vere ute i den norske vinternatta. Mina og Chanelle brukar å sjekke vêret medan dei står på dørstokken. Er det for kaldt og surt, går dei inn igjen, fortel han.

Jon Erik Sjåstad seier at burmeserkattar er svært kosete og sosiale.

– Ja, dei søkjer seg til folk heile tida. Det er berre å lokke dei til seg med eit «pssss!», så kjem dei. Så viss nokon har ville stele henne, har det nok vore ein enkel jobb, seier han.

Den forsvunne hokatten vert kalla Mina til dagleg, men ho heiter eigentleg Le Chessy Paquita og har stamtavla i orden.

– Vanskeleg å vite

Veterinær Eirik Svendsen ved veterinærkontoret i Ulsteinvik fortel at dei stadig vert kontakta av folk som saknar katten sin.

– Dei ber oss vere på vakt, til dømes viss det kjem inn kattar som har vorte påkøyrde. Og når det kjem inn ein eigarlaus katt, gjer vi det vi kan for å finne eigaren, mellom anna ved å bruke Facebook eller sjekke om dyret er merkt med id-chip, fortel han.

Men kvar vert det eigentleg av kattane som berre forsvinn?

– Det er vanskeleg å vite heilt sikkert. Nokre kan stikke av etter å ha vorte påkøyrde, gøyme seg i terrenget og døy av skadane. Tjuveri er vanskeleg å påvise, i alle fall dersom katten ikkje er merkt med chip.

Kva med rovdyr?

– Det er vanskeleg å vite heilt sikkert, men lammefødslar utandørs kan vere gjenstand for rovdyr. I storleik er det ikkje så skilnad mellom eit nyfødd lam og ein katt, men kattar er normalt veldig kjappe, seier Eirik Svendsen.

Saknar systera

Tilbake i Brunevegen har Chanelle funne tonen med lokal- avisjournalisten. Ho er brunsvart i den silkemjuke pelsen, og stryk seg inntil både fotoapparat og fang. Den sakna systera har grå pels.

– Det er tydeleg at Chanelle saknar Mina. Ho går mykje rundt og leitar og mjauar. Spesielt ille er det om natta, sidan dei har vore vane med å sove inntil kvarandre, seier Jon Erik Sjåstad.

Han finn ikkje noko logisk forklaring på forsvinninga.

– Ørn kan sjølvsagt ha teke henne, det er observert ørn rundt Osberget. Men det er litt rart viss ho kjem heilt ned til husa her.

Kan katten vere påkøyrd?

– Ja, men det ville vere rart viss ingen har sett henne. Det går mange forbi her store delar av døgnet.

Viss du skal kjøpe ein burmesarkatt, kostar den rundt ti tusen kroner.

– Dei to kattane våre er ikkje kastrerte, så dei får p-pillar. Det gjer at dei sjølvsagt er meir interessante for avl, seier Jon Erik Sjåstad, som håper han snart får svar på kvar burmesaren har teke vegen. Han er glad for at ho har id-chip i nakken, slik at veterinærkontoret kan spore henne til eigaren.

systrer: Mina til venstre, Chanelle til høgre. Foto: Privat