Heilt sidan 1959 har det vore bokbåtteneste på Vestlandet. No skal vidare drift av dette tilbodet opp til vurdering hos fylkesrådmannen og seinare handsamast av Kultur og Folkehelseutvalet i Møre og Romsdal.

Ifølgje fylkesrådmannen har det vore ein nedgang i både talet på utlån og besøkande. Skulane er mest interesserte i kulturtilbodet som er om bord.

I 1963 vart bokbåten «Epos» sett i drift. I dag er det Vinnes Skyssbåtservice som eig og driftar «Epos». Møre og Romsdal Fylkeskommune sin avtale om kjøp av bokbåttenester gjeld fram til 31. august 2018, med opsjon på å forlenge avtalen med eitt år. Dei har frist på seg til 31. mai i år til å gi beskjed om at dei vil nytte seg av denne opsjonen.

«I lys av at barn og unge får gratis kulturtilbod gjennom Den kulturelle skulesekken, og at fylkeskommunen si rolle i lov om folkebibliotek er endra frå å vere tenesteleverandør til å vere rådgjevar, samordnar og koordinator for bibliotekutvikling, er det fylkesrådmannen si vurdering at vi no står ved eit vegskilje for bokbåttenesta», heiter det i utgreiinga frå fylkesrådmannen.