- Når det er ei så alvorleg ulukke, medfører det utvida undersøkingar frå politiet si side. Sidan dette var ei dødsulukke, ville vi gjerne også ha ulukkesgruppa frå Statens Vegvesen på staden. Men dei var opptekne med ulukka som skjedde på Sulesund ei lita stund før ulukka på Eiksundbruka, fortel Pettersen.

Han møter Vikebladet Vestposten ved Eiksundbrua dagen etter dødsulukka.

- Sidan ulukkesgruppa ikkje kunne kome, var det våre eigne kriminalteknikarar som gjorde undersøkingane her, fortel lensmannen.

Det er lite som vitnar om at det for nokre timar sidan var ei alvorleg ulukke i svingen ned frå brua. Men på autovernet på begge sider har politiet spraya måling, truleg for å markere kvar dei to involverte bilane stod etter ulukka.

- Vanskelege køyreforhold

Lensmann Pettersen fortel at politiet kom raskt til staden etter ulukka.

- Det var svært vanskelege køyreforhold, det kom brått mykje snø og det vart veldig glatt. Erfaringsmessig er det slik at det er vanskeleg å vere bilist når du kjem ut av ein lang tunnel med tørr og berr vegbane og ut på slike vanskelege køyreforhold som det var i går ettermiddag, seier han.

- Fekk truleg skrens

Eiksundbrua og dermed også Eiksundsambandet var stengd i seks timar etter ulukka, først etter klokka 22.00 vart vegen opna igjen.

Lensmannen seier etterforskinga så langt tyder på at ein personbil kom ut av Eiksundtunnelen og så fekk skrens i svingen på brua. Bilen kom over på feil side av vegen og trefte ein møtande varebil.

- Det var føraren av personbilen som omkom. Og vi har bestemt oss for å obdusere den døde, for å vere heilt sikker på dødsårsaka, seier Pettersen.

Han reknar med å få svar på obduksjonen i løpet av nokre dagar.

Føraren av varebilen fekk mindre skadar.

- Vi har rutinemessig teke blodprøve av sjåføren i varebilen, men det er ingen mistanke om køyring i rus, seier lensmannen.

Lange køar

Det danna seg lange køar etter ulukka. I tillegg var vegen stengd ved Sulesund, etter dødsulukka der ei kvinne i trettiåra omkom. Ferja mellom Hareid og Sulesund gjekk i staden mellom Hareid og Solavåg.

- Eg er kjend med at det oppstod lange køar på begge sider. Når det skjer to ulukker omtrent samstundes i same region, så var det dårlege alternativ for omkøyring. Då vart det diverre mykje venting for mange, det er lite vi kan gjere med akkurat det, seier Hans-Eirik Pettersen.

Vart det gitt god nok informasjon til dei som sat i kø?

- Vi gjekk i alle fall ut med informasjon på vanleg måte gjennom operasjonssentralen. Mykje av forklaringa på dei lange køane ligg nok i at det var få plassar for omkøyring. I tillegg så skjedde ulukkene på eit tdispunkt då det var mykje trafikk på vegane.

Men avdekte ikkje det som skjedde i går at det kommunikasjonen på regionen er sårbar?

- Eg trur ikkje vi kan gjere noko med akkurat denne situasjonen. Eg må berre be om forståing frå folk om når det skjer slike ulukker, ja, så fører det rett og slett til at trafikken vert lamma.  Eg både trur og håper at folk hadde forståing for situasjonen som oppstod, seier lensmannen.