Manglande omkøyringsvegar lamma trafikken

Vegstengingane ettetr dei fatale ulukkene sist måndag viste kor sårbar kommunikasjonen er. 

Nyhende

I neste veke er det ti år sidan Eiksundsambandet vart opna. Det var eit etterlengta samband, og i dag er det truleg få som ønskjer seg tilbake til tida då ein var avhengig av ferje for å kome seg frå ytre søre Sunnmøre til fastlandet.

Men det som skjedde måndag denne veka, avdekte eit problem. To dødsulukker, den eine på Sulesund, den andre på Eiksundbrua, gjorde at trafikken i heile regionen vart lamma på grunn av få omkøyringsvegar.

«Det har aldri skjedd tidlegare at vi har fått slike alvorlege ulykker samstundes, og som har påverka trafikkavviklinga slik» sa pressekontakta i Statens vegvesen region midt. Eiksundsambandet var stengt i seks timar, ved Sulesund gjekk det åtte timar før vegen vart opna igjen.

Ferjene frå Hareid vart omdirigerte til Solavågen, men på Eiksundsambandet var det ikkje anna alternativ enn å vente for dei som stod i kø.

Det er nemleg ikkje lenger mogleg å setje opp ferje til dømes frå Eiksund til Volda. Ifølgje vegvesenet er ferjekaia i Eiksund overlevert til Ulstein kommune og har ikkje lenger ein standard som gjer at ferjer kan legge til der. Men i 2012 fekk kommunen pengar frå vegvesenet til å ordne hurtigbåtkai i Eiksund. Ifølgje teknisk sjef i Ulstein står pengane framleis ubrukte, sidan det ikkje er eit krav frå vegvesenet si side at det skal finnast eit alternativ viss Eiksundsambandet vert stengt.

Situasjonen måndag var ekstraordinær. Truleg hender det aldri igjen at det skjer to fatale ulukker i det same geografiske området. Men måndagen viste kor sårbar kommunikasjonen er. Kanskje vegvesen og kommune difor bør revurdere behovet for eit alternativ når eller viss tiårsjubilanten må stengast.