Lokalavisa møtte Linn Wingsternes, dagleg leiar og eigar av Kaffebaren, til ein liten prat onsdag føremiddag. Då kunne ho fortelje at det skjer mykje kjekt for tida.

– Det er heilt klart spanande tider, seier ho smilande.

Kontakta same dag

Wingsternes, som til sommaren har drive og eigd Kaffebaren i ti år, fortel at det er mange som har vore i kontakt med ho med omsyn til eit kjøp av verksemda og lokala, etter at ho gjekk ut offentleg med avgjerda i lokalavisa.

– Det var sjølvsagt ein del reaksjonar i starten, både positive og nokre vemodige, men slik er det jo alltid når det skjer forandringar. I all hovudsak er det folk som ønskjer å støtte meg i valet eg har gjort, og det er veldig kjekt å vite, seier ho.

Linn seier at det allereie same dagen som avisoppslaget kom ut, var folk som kontakta ho.

– Det har gått over all forventing eigentleg, og ting har skjedd mykje raskare enn eg såg føre meg. Men det er sjølvsagt utruleg kjekt. Det viser også at det er eit stort engasjement for å halde i hevd eit av dei kjende og kjære tilboda vi har her i Ulsteinvik, seier ho.

Ho kan avsløre at fleire ulike aktørar har kome med seriøse førespurnader.

– Det er i all hovudsak private aktørar det er snakk om, og somme av dei driv liknande konsept i dag. Men meir enn det kan eg ikkje seie, seier ho med eit lurt smil om munnen.

Prosessen er i gang

Salsprosessen er i gang, og dei to fyrste interessentane var på plass for ei vising i lokala onsdag kveld. Også fleire andre vil kome på vising framover, fortel Linn Wingsternes.

– Når vi har fått snakka med alle som har vist seriøs interesse får vi gjere opp status, og sjå kor vi ligg an. Eg er uansett oppteken av at dette blir ein skikkeleg og ryddig prosess, til det beste for dei tilsette. Men det er klart, finn vi ikkje dei rette eigarane, får vi ta ein runde til, seier ho.

Ho er sikker på at den som kjøper vil få ei solid verksemd med god drift.

– Heilt klart. Eg håper andre kan utvikle dette vidare.

Ser etter ny eigar: Linn og faren Lidar eig i dag Kaffebaren. No ser dei etter ein ny eigar, og har også fått signal med eigaren av etasjen over, at denne kan leigast, om ein vil utvide. Foto: Arkiv. Foto: Ole-Ottar Høgstavoll