Grepstad sluttar

Ottar Grepstad pensjonerer seg til hausten. I tida som direktør har han halde over hundre føredrag og skrive eller redigert over 20 bøker.   Foto: Lars O. Flydal

Nyhende

Nynorsk Kultursentrum har sendt ut pressemelding om at Ottar Grepstad sluttar ved senteret. Frå 1. november 2018 blir han pensjonist.

Neste veke skal styre starte prosessen med å finne etterfølgjaren.

Grepstad blir 65 år den 1. oktober. Same haust rundar stiftinga 25 år.

– Eg kan kalenderen og ante at dette kunne kome, men skulle ønskje det ikkje kom alt no, seier Solholm. – Ottar Grepstad har vore direktør i 19 år, og styret er svært glad for at han blei så lenge. Under hans leiing og gode samarbeid med styre og råd er Nynorsk kultursentrum blitt ein nasjonal kulturinstitusjon av dei sjeldne.

Den første tilsette

Grepstad blei tilsett som direktør i 1999 og var med det den første fast tilsette i Nynorsk kultursentrum. I valet mellom åremål og fast stilling den gongen valde han fast stilling og sa at han kom til å slutte brått. – Det var mest ei påminning til meg sjølv om å styre unna det eg kallar repetisjonens spiral. Eg har vore redd for å bli verande for lenge, og i fleire år har eg arbeidd med å gjere meg til ein som Nynorsk kultursentrum klarer seg utan, seier Ottar Grepstad.

– Å få lov til å byggje opp noko, tilsetje dei ein vil samarbeide med og oppdage alt dei har å fare med, er som den første forelskinga, seier Grepstad. – Den som sjølv får lov til å prøve og feile, gir andre same sjansen. Eg har så mykje å takke råd, styre og medarbeidarar for at eg ikkje anar korleis eg skal få gjort det.

Nynorsk Kultursentrum har 20 fast tilsette som driv tre museum, tre festivalar, eit digitalt leksikon og ni andre nettstader.

I åra som direktør har Ottar Grepstad skrive eller redigert over 20 bøker og halde fleire hundre foredrag. Han var rådsmedlem i Norsk kulturråd 2005–2010 og styremedlem og seinare styreleiar i Språkrådet 2006–2015. Grepstad har heile tida leidd arbeidet i Nynorsk forum og har frå 2016 vore leiar i International network of language museums.