– Kjem det verkeleg folk heilt frå Sæbø for å gå tur her ute? Thomas Ryste, hovdebygdar og gründer av Klypa-showet, har fått auge på nokre kjentfolk som er i ferd med å parkere bilen like ved turstien som går over øya.

Vi er fluge på veggen, eller rettare: flått på huda, under innspelinga av ein spesialvideo i samband med at Eiksundsambandet opna for ti år sidan. Location er tunnelinnslaget på Eika og i sentrale roller finn vi karakterane Kjellen Bigset og Jann Leite, tolka av høvesvis Ryste og makkeren Ørjan Liavåg.

Ny tupé

– Sjå her. Denne har krokar du kan presse inn i kjøtet, seier Ørjan Liavåg og dreg fram ein nyinnkjøpt tupé frå ein plastpose.

Med tupéen litt på skeive trer Liavåg inn i rolla som Jann Leite, medan Ryste tek på seg utestemme og lausbart og vert til ferjematros Kjellen.

Oppkast fekk birolle

Filmskaparane har kome fram til ein grunnidé om kva filmen skal handle om, og så improviserer dei ut ifrå det.

I veggrøfta oppdagar dei at nokon har kasta opp. Mageinnhaldet må sjølvsagt få ei rolle i filmen.

På eitt tidspunkt kastar Ryste seg fryktlaust utfor ei skråning, noko som fører til at han slår den eine skuldra si kraftig. Samstundes skitnar han ut Kjellen-kostymet, slik at det nok må på reinseri før neste Klypa-show. Her handlar det om å gi alt for kunsten.

Det tek så smått til å regne.

Thomas Ryste skottar opp mot himmelen og kikar uroleg bort på ein utstoppa bever som står under ei busk. Ryste forklarer at han har fått låne beveren av eit familiemedlem og han verkar letta då opptaka er over og han kan ta dyret under armen og plassere det trygt i baksetet på den raude mazdaen sin. Bilen har gjort teneste som rekvisitt i fleire Kjellen-videoar.

I rollene: Ørjan Liavåg og Thomas Ryste har inntatt rollene som høvesvis Jann Leite og Kjellen Bigset.
tiurpå biltur: Denne karen, ein utstoppa tiur,fekk også vere med og gjorde dermed filmkarriere etter sin død.