– Det vert alt for dyrt og lite lønsamt med fjernvarme, seier bygg- og eigedomssjefen i Møre og Romsdal fylkeskommune, Per Olaf Brækkan.

I staden skal det lagast eit jordvarmeanlegg, som skal forsyne skulen med energi.

– Fylket eig tomta og planen er å bore nokre meter ned i jorda til dømes på baksida av skulen. Der skal vi finne stabil bergvarme, fortel Brækkan.

Olje og elektrisitet

Det er fylkeskommunen som eig og driv den vidaregåande skulen i Ulstein, som ligg like

ved Høddvoll og Ulsteinhallen.

Skulen brukar i dag vanleg elektrisitet og oljefyring. Eit oversyn frå 2016 viser at skulen det året brukte 4000 liter olje og 715.000 kWh i straum.

– Fjernvarme er berre nokre øre billegare enn straum. Jordvarme er lønsamt frå første dag, seier Brækkan.

Oppvarming og kjøling

Ulstein Fjernvarme vart opna i november 2015. Anlegget på Sjøsida i Ulsteinvik pumpar sjøvatn frå fjorden og inn til land. På land vert vatnet pumpa rundt i sentrum i to sløyfer. Ute i anlegget er det lokale energisentralar som nyttar varmepumpeteknologi, og som tilbyr både varme og kjøling, heiter det på heimesida til selskapet.

Ein av desse energisentralane er plassert mellom Ulstein

hallen og Ulstein vidaregåande skule. Planen har vore å forsynet store delar av Høddvollområdet med fornybar energi. Til no er Ulsteinhallen, bustadbygget og undervarme på Høddvoll kopla til fjernvarme.

Vikebladet Vestposten skreiv sist veke at Hødd ikkje ser seg råd til å bruke fjernvarme til å varme opp kunstgraset på Høddvoll stadion no på vinteren.

– Det kostar heise mykje å køyre undervarme. Det er rett og slett eit kostnadsspørsmål, sa dagleg leiar i klubben, Oddmund Davik Otterlei.

I tillegg fortel dagleg leiar i Ulstein Fjernvarme, Øyvind Amdam, at Ulsteinhallen har eit lågare forbruk enn venta.

– Vi trur noko av årsaka ligg i at det ikkje er led-lys i hallen, korridorane og klasseromma, men vanlege lyspærer som gir frå seg mykje varme. I tillegg er det ein tendens til at mange let vere å dusje etter trening, slik at forbruket av varmt vatn er mindre enn vi rekna med, seier han.

No ser det ut til at selskapet må sjå langt etter å få fylkeskommunen som kunde.

Vil starte i år

Bygg- og eigedomssjef Per Olaf Brækkan seier at planen er at jordvarmeanlegget ved Ulstein Vidaregåande Skule skal stå ferdig i løpet av året.

– Vi har tenkt å skrive kontraktar med dei som skal gjere arbeidet i løpet av mars, seier han.

Fylkeskommunen har rammeavtalar med Moderne Varme AS på Nordfjordeid og Veidekke AS.

– Vi reknar med å bruke 2–3 millionar kroner på anlegget, og då er det som sagt lønsamt med ein gong. Fjernvarme ville på stikt ha vorte nesten dobbelt så dyrt for oss, seier Brækkan.

Energisentral: Anlegget til Ulstein Fjernvarme mellom Ulsteinhallen og Ulstein vidaregåande skule. FOTO: Linda Eikrem Foto: Linda Eikrem