Eit skot for baugen for satsinga på fjernvarme

Leiar

Energisentral: Anlegget til Ulstein Fjernvarme mellom Ulsteinhallen og Ulstein vidaregåande skule.   Foto: Linda Eikrem

Nyhende

I dagens avis fortel vi at fylket ikkje har tenkt å kople Ulstein Vidaregåande Skule på fjernvarmeanlegget i kommunen. Det kan ikkje tolkast som noko anna enn eit skot for baugen for satsinga på fjernvarme i Ulstein.

Fjernvarmeanlegget, som brukar sjøvatn til å lage energi, vart opna i november 2015. Ulstein kommune har i klimaplanen sin ambisiøse mål for å redusere utslepp av klimagassar, og fjernvarme er viktig for å nå måla om redusert energibruk og auka bruk av fornybar energi.

Ordføraren sa følgjande på opninga: «Ulstein kommune har ein visjon om eit innovativt, miljøvenleg anlegg for varme og kjøling i Ulsteinvik sentrum og området opp til Høddvoll.» Dagleg leiar i Ulstein Fjernvarme følgde opp: «Det som no blir gjort i Ulsteinvik skal vere eit stjerneeksempel på lønsam, fornybar fjernvarme som skal inspirere andre kommunar til å investere i fornybare løysingar.»

I dag, vel to år etter opninga, er det mange bygg i Ulsteinvik sentrum som brukar fjernvarme til oppvarming og nedkjøling, mellom anna Sjøsida og Ulstein Arena. I tillegg er det lagt opp til at det nye leilegheitsprosjektet Bjørndalvegen Park, ei eventuell ny kyrkje og eit eventuelt nytt rådhus skal kunne knyte seg på.

Men utbygginga har kosta, og førebels er det lite lønsemd i det kommunale prosjektet. Ulstein Fjernvarme treng kundar. Og kundane er opptekne av pris.

Det som skulle vere ein stor kunde, fylkeskommunen, skal bygge seg eit jordvarmeanlegg. I tillegg har Hødd ikkje råd til å skru på undervarmen på Høddvoll, og Ulsteinhallen brukar mindre energi enn venta.

Her må nokon ha ein plan B for all den ledige fjernvarmen.