Erling Hareide på Sportssenteret Hareid har søkt Hareid kommune om støtte frå næringsfondet.

Han avsluttar eit langvarig samarbeid med MX-kjeda og går i staden inn i Sport 1-kjeda.

I samband med det må han oppgradere og målsettinga er ein moderne sportsbutikk klar på Hareid som satsar på å stå imot den harde konkurransen i dette segmentet. Skal butikken klare dette må det ei større oppgradering av butikklokala, investeringar i kassasystem, lagerstyring og reklamemateriale, skriv han i søknaden.

Han ser for seg at han med oppgraderinga i butikken vil måtte tilsetje ein medarbeidar.

Rådmannen rår til at han får summen han søkjer om, inntil 150 000 kroner. Tilskotet blir utbetalt når det ligg føre dokumentasjon på at tiltaka er gjennomførte.

Saka skal opp i næring- og miljøutvalet tysdag.