– Målet er å få fram gode ting i Hareid sentrum, seier dei seks karane, som har invitert lokalavisa til ein prat om årets planar.

Rundt bordet sit Eldar Hareide, Svein Smørdal, Arild Grimstad, Torgeir Ringstad, Bjørn Teigene og Oddbjørn Grimstad, som har alle eit langt arbeidsliv bak seg.

– Det er viktig å få fram at vi samarbeider tett med næringslivet og kommunen. Vi stiller med entusiasme og dugnad, seier Hafest-leiar Arild Grimstad.

Gjengen fortel at dei er uformelle og ikkje i konkurranse med nokon.

– Vi vil skape engasjement og glød her i sentrum, seier dei. Og no vil dei fortelje om prosjekta dei har klekt ut i løpet av vinteren.

Blomsterurner

Hafest fekk mykje skryt for urnene med blomster som vart plasserte ulike stader i sentrum i fjor. Suksessen skal ikkje berre gjentakast i år, den skal også utvidast.

– I fjor vart det planta i tjue slike urner, no har vi bestilt fem til, fortel Arild Grimstad.

Blomstrane skal plantast i god tid før 17. mai, og gjengen håper folk stiller på dugnad.

– I fjor kom det i alle fall ein heil gjeng som ville hjelpe til, så det gjekk veldig kjapt å fylle på jord og plante i desse urnene.

Rundkøyringa

Planen er også at rundkøyringa i bedehuskrysset skal få seg ein makeover før nasjonaldagen.

– Telen må ut av jorda først, men vi har 17. mai som eit mål, ja, seier Arild Grimstad.

Ein landskapsarkitekt har laga ein plan, og no skal rundkøyinga få grønt dekke, bjørketre, solbærsalvie og prydlauk. Arbeidet skal gjerast i nært samarbeid med teknisk etat.

– Tenk kor fint det blir her, når vi får vekk dette «septikkrøyret» her, seier Hafest-karane då lokalavisa har kommandert dei ut for å ta bilde i rundkøyringa.

– Dette blir ein del av utbygginga av Kjøpmannsgata, og noko kommunen har planlagt lenge. Vi pushar berre på, seier dei.

Parken

Frå rundkøyringa går spaserturen vidare til Parken. Her er det mykje som kan og bør gjerast, skal vi tru Hafest-karane.

– Leikeområdet skal det gjerast noko med, det skal verte klatrepark her, fortel dei, før dei ivrig peikar mot det naturlege amfiet i parken.

– Hareid har stolte kor- og korpstradisjonar, og det er mange arrangement her i Parken. Men området er slett ikkje tilrettelagt for slikt, seier korpsmannen Svein Smørdal.

Difor har Hafest no planlagt ein paviljong i området. Eldar Hareide har teikna paviljongen, som har fått namnet Muslingen. Og dermed er praten raskt i gang om at det før i tida fanst mykje elvemusling i Hareidselva. Fleire av karane hugsar at dei plukka muslingar og fann ganske store perler inni dei. Difor høver det bra at paviljongen ser ut som ein musling.

– Her kjem ettermiddagssola fint inn, og det er eit naturleg amfi rundt for publikum. Håpet er å starte bygginga i løpet av året, fortel karane.

DRIVhus

Det største prosjektet på lista er planen om ei kulturscene ved Hareidhallen og ungdomsskulen. Bygget har fått namnet Drivhuset, på grunn av den påtenkte glasfasaden.

– Det har vore mange planar for kulturhus her i Hareid, men framleis har vi berre kyrkja og bedehuset for ungdom som vil vise fram det dei kan, seier Svein Smørdal. Og brått er gjengen over i mimring om teater, revy og sogespel.

– Det hastar med å ta vare på dette miljøet og den kompetansen som framleis finst her i Hareid, seier Smørdal.

Det ligg med andre ord an til å verte eit hektisk år for Hafest-karane. Og då har vi ikkje ein gong nemnt at Hafest skal setje opp adventsstjerne i Melshornlia før første søndag i advent.