Vil ha hjelp frå lokalbefolkninga:

– Kvar er ditt friluftsområde?

Ulstein kommune jobbar med å kartlegge og verdsette friluftsområda i Ulstein, og ynskjer innspel frå innbyggjarane til kartet dei har byrja på.

Dei fleste Kristine Dale og Arild Støylen har prata med fortel at det å gå tur er den beste forma for trim. No håpar dei at kartlegginga kan bidra til enda meir friluftsliv.  Foto: Beate Muren.

  • Vel «føre på» under menyen til venstre i kartet.
  • Her kan du lage linjer, sirklar, areal, sette inn punkt, tekst m.m.
  • Vel «Del» per e-post under menyen til venstre, og trykk «opne e-postprogram».
  • Forklar innspelet ditt i e-posten og send det til:
  • friluftsliv@ulstein.kommune.no.
Nyhende

Føremålet med arbeidet er å identifisere, utvikle og ivareta areal for friluftsliv. Innbyggjarane skal ha moglegheit til å ha eit variert liv ute i frisk luft, både i nærmiljøet og i naturen elles.

– Vi ynskjer også å sikre og utvikle område med ulike kvalitetar for å bidra til eit breitt spekter av friluftsaktivitetar tilpassa alle, seier Kristine Dale, folkehelsekoordinator i Ulstein kommune.

Gjeld heile landet

Ei arbeidsgruppe med representantar frå kommunen og frivillige organisasjonar har teikna inn områda dei veit blir brukt til friluftslivsaktivitetar, og vurdert verdien på kvar av desse etter ei rekkje kriterium.

– Det er viktig å informere om at dette prosjektet ikkje berre gjeld Ulstein kommune, men heile landet, seier avdelingsingeniør i Ulstein kommune, Arild Støylen

Har laga filmsnutt

Dei har også laga ein liten filmsnutt, og ein eigen artikkel som ligg ute på kommunen sine nettsider.

– Filmen ligg også ute på Facebook. Alle innspel vert sett pris på. Vi er ei ganske lita gruppe som arbeidar med kartlegginga, og sjølv om vi sit inne med mykje lokalkunnskap, er det ikkje nok. Då treng vi hjelp frå lokalbefolkninga, informerer Kristine.

På nettsida til prosjektet ligg der også ute ei rettleiing for korleis ein skal gå fram for å bidra til kartlegginga direkte i kartet

Mail eller Facebook

Arild fortel at du kan forklare innspelet ditt i ein e-post eller direkte på Facebook. Han seier vidare at dei vil ha innspel på om det er viktige friluftsområde som manglar i kartet, om grensene må justerast, kva og kor mykje aktivitetar området vert brukt til og om det er ynskje om meir tilrettelegging.

– Det kan godt skje at ein barnehage brukar eit friluftsområde som kommunen ikkje veit om at er populært. Då er det viktig at dei tek kontakt og seier ifrå om deira interesse for å vareta området, forklarer Kristine.

Treng lokalkunnskap

For at kartlegginga skal bli best mogleg, treng Dale og Støylen hjelp frå dei som brukar områda. Dei treng lokalkunnskap om snarvegar, turstiar, område som vert brukt til alt frå vinteraktivitetar til spontan leik. Kristine fortel at det kan vere både møteplassar i nabolaget der ein til dømes feirar jonsok eller ein stad du går for og vere åleine å nyte stilla.

– Med friluftsaktivitet meiner vi all form for utandørs aktivitet, frå det nære friluftslivet til dei lengste turløypene. Vi håper difor på eit godt samarbeid med innbyggjarane, slik at vi får dekt so mange område som mogleg, avsluttar Arild.


Slik gir du innspel :

Gå inn på www.ulstein.kommune.no/friluftsliv

Vel «føre på» under menyen til venstre i kartet.

Her kan du lage linjer, sirklar, areal, sette inn punkt, tekst m.m.

Vel «Del» per e-post under menyen til venstre, og trykk «opne e-postprogram».

Forklar innspelet ditt i e-posten og send det til: friluftsliv@ulstein.kommune.no