Glisent frammøte på årsmøtet i Hareid IL Fotball:

– Vi må få opp engasjementet

Torsdag kveld heldt Hareid IL Fotball årsmøte, med totalt ti frammøtte i salen. – Det er leit at ikkje fleire møter. Vi treng fleire engasjerte folk, seier styreleiaren.

Årsmøte i fotballgruppa Styreleiar Cecilie Bjørlykke og kasserar og anleggsleiar Sindre Breivik losa dei frammøtte gjennom årsmeldinga og rekneskapen for 2017.   Foto: Ole-Ottar Høgstavoll.

Nyhende

Hareid IL si fotballgruppe kunne presentere ei spanande årsmelding for hovudlaget, så vel som A-laga og laga i dei ulike aldersgruppene. Styret kunne også gå gjennom eit budsjett som viser at fotballgruppa enda med eit driftsresultat på over 300.000 kroner i 2017.

Men det var det altså få som fekk med seg. For i salen hadde totalt ti stykk møtt fram.

Spesielt år

Som ein kan lese i årsmeldinga har 2017 vore eit spesielt år for fotballgruppa:

«Omorganiseringsprosessen som gjekk i 2016 resulterte i at det frå 1. januar i fjor vart eit fotballstyre med undergrupper. Styret kom seint i gong med arbeidsåret 2017 då det var vanskeleg å få med folk i dei ulike verva. Vi klarte til slutt å komme i gong, men har vore prega heile året av at det har mangla eit par nøkkelroller, som til dømes nestleiar. Dette har medført stor arbeidsbelastning på nokre av styrerepresentantane.»

Vanskeleg å rekruttere folk til styret er det framleis, fortalde styreleiar Cecilie Bjørlykke under årsmøtet torsdag.

– Omorganiseringa skulle gjere det betre i forhold til å utvikle organisasjonen positivt. Det er mogleg vi ikkje har signalisert tydeleg nok ut bodskapet om omorganiseringa. Men samstundes føler eg vi har gjort det, og vi har utført alle oppdraga vi skulle i lys av at Hareid IL er ein kvalitetsklubb, seier ho og legg til:

– Vi hadde ønskt oss større engasjement, til dømes i forhold til styrearbeid. Eg vil samstundes rette ein stor takk til alle dei dyktige folka vi allereie har med oss. Til dømes alle dei som er med i undergruppene, dei viser eit ekstraordinært engasjement. Men, med for få som engasjerer seg, blir det meir arbeid på enkelte. Difor ønskjer eg å oppmode folk til å bli med og hjelpe til.

Bjørlykke fortel at oppmøtet på årsmøtet gir ho motivasjon til nettopp å prøve å få med fleire på å ta i eit tak.

– Vi leita til dømes etter ein nestleiar i fjor, og gjer det framleis. Har du eit ønskje om å vere med på eit veldig kjekt arbeid, meld ifrå til meg. Vi er avhengige av engasjerte pådrivarar i klubben vår, for at dette skal gå rundt, seier ho avslutningsvis.