Leiaren:

Hafest fortener ein klapp på skuldra

Det finst nok av dei som berre smir for seg og sitt og aldri legg to pinnar i kors for fellesskapet, skriv redaktør Linda Eikrem i denne leiaren.

Hafest-karane Frå venstre: Svein Smørdal, Torgeir Ringstad, Bjørn Teigene, Arild Grimstad, Oddbjørn Grimstad og Eldar Hareide.  Foto: Linda Eikrem.

Nyhende

Kvar går eigentleg grensa mellom offentleg og privat engasjement? Spørsmålet dukka opp etter at Vikebladet Vestposten skreiv om Hafest på torsdag.

Hafest, som ikkje må forvekslast med Hafast (Hareid Fastlandssamband), kom i stand rundt eit kafébord for vel eit år sidan. No er seks menn, dei fleste pensjonistar, med i organisasjonen som har eit mål om å gjere det trivelegare i Hareid.

Les også:


I fjor ordna dei blomsterurner og vaska kyrkjegardsmuren, i år er tiltakslista endå lengre: paviljong og klatrepark i Parken, fleire blomsterurner, ordne blomster og tre i rundkøyringa i bedehuskrysset, setje opp adventsstjerne i Melshornlia. Mellom anna.

Eit slikt engasjement er ikkje unikt for Hareid. Fleire stader i landet finst det liknande tiltak. I Kristiansund har ein gjeng mannfolk danna det dei kallar Gamle Kripos. «Gamle, fordi vi er pensjonistar. Kripos, fordi vi er positive til å utvikle Kristiansund som by», sa dei til Tidens Krav for nokre år sidan. Gjengen har gjort alt frå å rydde vekk hundeskit ved Vanndamman til å vere pådrivarar for nye lys ved turmålet Varden.

«Det kan vel ikkje vere privatfolk si oppgåve å drive med slikt, det må no vel vere kommunen og det offentlege sitt ansvar!», var ein av reaksjonane vi fekk etter at saka om Hafest stod på trykk denne veka.

Tja. Her er det ikkje snakk om å overta eit offentleg ansvar, men å vere eit supplement. Engasjement og dugnadsinnsats vert aldri feil.

Hafest fortener ein klapp på skuldra. For det finst nok av dei som berre smir for seg og sitt og aldri legg to pinnar i kors for fellesskapet.