Trygg Trafikk:

Luftar mobilforbod for syklistar

Ein av Trygg Trafikks distriktsleiarar meiner det kan vere fornuftig å forby syklistar å bruke handhalden mobil mens dei syklar.

Ein av Trygg Trafikks distriktsleiarar meiner det kan vere fornuftig å forby syklistar å bruke handhalden mobil.  Foto: Stian Lysberg Solum/NTB scanpix/NPK.

Nyhende

Distriktsleiar Ole Rath i Trygg Trafikk Vest-Agder seier til NRK at han har sett folk bruke mobiltelefon mens dei syklar. Det synest han ikkje noko om.

– Å gjere fleire ting samtidig, gjer at det blir farlegare å ferdast i trafikken, seier han.

Rath trur det vil komme fleire syklistar på vegane i åra som kjem, og at mobilbruken på sykkel vil auke i takt med talet på syklistar.

I Danmark er det forbode å bruke handhalden mobil mens ein syklar. Blir ein tatt for dette, får ein ei bot på tusen danske kroner.

Rath trur det kan det kan ha noko for seg.

– Det kan virke preventivt. Vi skal ikkje sjå bort ifrå at det kan vere fornuftig å gjere det i Noreg også.

Han vil ikkje ta stilling til om det bør innførast eit forbod, men om det blir stadig fleire som brukar mobil mens dei syklar, trur han det vil bli nødvendig å gjere noko.

Tomas Nesset, som leier Syklistenes Landsforening i Kristiansand og omland, har ikkje reflektert noko rundt mobilbruk på sykkel. Han meiner likevel det er ein risiko å bruke handhalden mobil og sykle samtidig.

– Ein har berre éi hand på styret. Då har ein ikkje kontroll på begge bremsene. I tillegg blir det vanskeleg å svinge, fastslår han.