– Det var heilt tilfeldig at vi her på Trådkråa oppdaga at det finst eit koftemønster som heiter Brandal, fortel Sigrid Jønsson.

Det skjedde då Heidi Wingsternes nyleg kom innom strikkebutikken på Hareid for å kjøpe knappar til ei kofte ho hadde strikka. Det var «Brandal» frå Sandnesgarn, ei oppskrift som i si tid kosta 75 øre.

– Eg har hatt oppskrifta veldig lenge, og har nesten like lenge tenkt eg skulle ha strikka kofta, seier Wingsternes til Vikebladet Vestposten. Ho er opphavleg frå Ulstein, men flytta til Brandal for rundt femten år sidan.

– Eg er ikkje heilt sikker på kvar eg fekk oppskrifta, anten frå mor mi sine gamle mønster, eller frå ei dame her i Brandal, fortel Wingsternes.

Ho jobbar som kunst- og handverkslærar på Blindheim barneskule i Ålesund, og kallar seg sjølv ein ivrig strikkar. Brandalskofta er eit mønster frå Sandnesgarn og skal eigentleg strikkast i garnet Peer Gynt. Wingsternes valde å strikke i garnet Ask frå Hillesvåg.

– Eg er oppteken av rein, norsk ull. Eg brukte originalfargane: natur og tre gråtonar, men med fire fargar vart det eit heftig plagg å strikke. Eg måtte til slutt be om hjelp frå ei dame eg kjenner, fortel ho.

Brandalskofta har skapt stort engasjement på Trådkråa si Facebookside. Sigrid Jønsson har fått tak i oppskrifta frå Sandnesgarn, og ho har kome i kontakt med dottera til Ingrid Johnsen frå Stavanger, som designa kofta. Ifølgje Vivian Hanne Johnsen teikna mora mønsteret rundt 1967 og sende det så til Sandnes Uldvarefabrikk. Der fekk mønsteret namnet Brandal, truleg heilt tilfeldig.

På disken hos Trådkråa ligg det no to ulike fargeforslag, den eine i grøntonar, den andre i blåfargar.

– Mange har vore innom og henta oppskrifta, og så er det mange som vurderer kva fargar dei skal strikke kofta i, fortel Jønsson.

I originaloppskrifta er det berre éin storleik: 52. Heidi Wingsternes fortel at kofta diverre vart for lita til han som skulle få den. Difor har ho sett ei dame i sving med å strikke ein større versjon.

– Det hadde forresten vore artig viss det dukka opp ei Brandalskofte som vart strikka den gongen på 60-talet. Kanskje folk kan sjekke om dei ha ei liggande?, seier ho.

I originalversjonen er kofta strikka i natur og gråtonar. Foto: Linda Eikrem.
Kofta som Heidi Wingsternes delvis strikka sjølv og delvis fekk hjelp til, vart for liten til mottakaren. Foto: Trådkråa.