20 makrellstørjer skal takast på stong

I vår kan du søkje om å få vere med på eit spesielt fiskeforsøk utanfor vestlandskysten. Makrellstørjer skal fangast og merkjast, og forskarane treng hjelp, skriv Bergens Tidende.

I vår kan du søkje om å få vere med på eit spesielt fiskeforsøk utanfor vestlandskysten. Makrellstørjer skal fangast og merkjast, og forskarane treng hjelp, skriv Bergens Tidende.  Foto: Wikimedia Commons

Nyhende

– Ivrige fiskarar betalar gjerne tusenvis av kroner og reiser verda rundt for å vere med på å fiske makrellstørje. Kven drøymer ikkje om å få fiske denne formel 1-fisken på stong? spør havforskar Leif Nøttestad ved Havforskingsinstituttet.

Føremålet med makrellstørje-fisket er å fange og merke 20 individ som skal vise forskarane kvar fisken vandrar. Dei elektroniske brikkene vil sende signal til satellittar. Viss fisken ikkje blir fanga igjen, vil brikka etter ei tid dette av og flyte til overflata der signala vil bli fanga opp. Det blir finnarlønn på 1.000 euro for ei slik brikke.

– Vi kjem til å søke etter fritidsfiskarar som kan vise til at dei har vore borti storfisk tidlegare. Her snakkar vi om makrellstørjer på inntil 400 kilo. Ein bør ha meir erfaring enn å ha dradd opp nokre paler eller torsk frå Byfjorden for å vere med på dette, seier Nøttestad til avisa.

Det er Den atlantiske tunfiskkommisjonen (ICCAT) som har gitt Havforskingsinstituttet klarsignal og støtte til prosjektet som skal skje i 2018.

– Det er frå Rogaland til Møre og Romsdal at fisket skal gå føre seg. Vi reknar med at det blir fanga flest makrellstørjer i Hordaland og Sogn og Fjordane. Det er på bakgrunn av tidlegare observasjonar av fisken, seier Nøttestad.

Det vil truleg vere behov for rundt ti båtar i fangstperioden. I tillegg skal det vere med ein eigen merkebåt som skal vere i nærleiken når ein fangst blir meldt inn. Det vil bli stilt ei rekke krav til båtane som skal delta i fisket og utveljinga vil skje basert på anbod.