I ei pressemelding frå Ulstein kommune går det fram at dei avviser kravet frå prosjekteringsgruppa "Next Level". I staden kjem kommunen med eit motkrav som overstig kravet frå prosjekteringsgruppa der dei krev delar av honoraret tilbakebetalt.

I pressemeldinga frå Ulstein kommune skriv kommunen at dei meiner kravet frå prosjekteringsgruppa er grunnlaust og at kommunen må frifinnast. Kommunen har sendt tilsvar og motkrav til Sunnmøre tingrett.

Ifølgje kommunen er dette grunnlaget for at dei avviser kravet frå prosjekteringsgruppa:

1. Prosjekteringsgruppa varsla ikkje om dei økonomiske overskridingane slik kontrakten føreset.

2. Prosjekteringsgruppa krev honorar for arbeid som ikkje var avtalt, utbetring av eigne feil, brot på omsorgsplikta overfor kommunen og/eller irrasjonell drift.

3. Ulstein kommune har motkrav mot prosjekteringsgruppa som overstig deira honorarkrav.

Sjølve motkravet er basert på desse punkta, skriv kommunen:

1. krav om tilbakebetaling av grunnlaust honorar

2. krav som følgje av prosjekteringsfeil

3. krav som følgje av forseinkingar i prosjektet

4. krav om dekking av meirkostnader til administrasjon og oppfølging for byggeleiaren og byggherren (Ulstein kommune) som følgje av forseinkingar og prosjekteringsfeil, brot på omsorgsplikt og/eller irrasjonell drift