Fekk åtvaring for sladding

Natt til søndag oppdaga politiet tre bilar som dreiv med sladding i Ulsteinvik.

  Foto: Arkivbilde

Nyhende

Klokka var 01.10 då politipatruljen oppdaga køyringa.

Ifølgje politiloggen vart bilane stoppa, og det viste seg at to av sjåførane berre hadde hatt førarkort i éi veke.

Sjåførane fekk ei streng åtvaring om at både registreringsnummer og personnummer vart notert, og at dei vert melde neste gong dei sladdar.

Lensmann Hans-Eirik Pettersen bad i november bede om hjelp frå publikum for å kome burning til livs:


Etter fleire tilfelle av burning:

– Ta gjerne bilde av dei som burnar