Med bøsser for Krafttak mot kreft

Denne veka kjem årets russ frå Ulstein vidaregåande skule på døra.

Denne veka skal russ frå Ulstein vidaregåande skule gå med bøsser til inntekt for Kraftak mot kreft.  

Nyhende

Onsdag skal Ulsteinrussen gå med bøsser for aksjonen «Krafttak mot kreft». Årets aksjon har fått namnet «Eit redda liv skal også levast» og aksjonsansvarleg Isabella Chemmai Sundgot informerer om at pengane som blir samla inn skal gå til forsking for at færre skal få seinskadar og at fleire skal få eit godt liv etter kreftsjukdommen.

– Seinskadar er ofte smertefullt og hemmande, og mange får problem med å innfri både egne og andre sine forventningar, anten dei er frå familie, venar og ikkje minst, arbeidsgjevarar, seier Anne Lise Ryel, generalsekretær i Kreftforeningen.

Det er om lag 80 bøsseberarar som skal ut for å samle inn pengar onsdag ettermiddag og kveld. Aksjonsleiinga håpar folk tek godt imot russen som kjem på døra.

Det er også mogleg å mogleg å støtte aksjonen til Ulsteinrussen på nettet: https://innsamling.kreftforeningen.no/krafttakmotkreft2018/5-7682