Meldte om bustadbrann på Gurskøya

Nyhende

Måndag føremiddag skriv politiet i Møre og Romsdal på twitter at dei har fått melding om brann i ein bustad på Gurskøya. Naudetatane reiser ut til staden.

Ifølgje politiet har alle som var i huset kome seg ut. Det er ikkje observert synlege flammer på staden, men røyk frå kjellaren på bustaden.

110-sentralen melder på twitter at brannvesenet frå Sande og Leikong rykkjer ut til staden.

Politiet fortel i ei oppdatering at brannen er sløkt, men at det har vore røykutvikling på staden. Ingen personar er skadde etter hendinga, der ein ikkje veit årsaka på noverande tidspunkt.