Når Gud er sjef

9. mars arrangerer evangelist Nathan Osnes møte i Filadelfia sine lokale.

Held fast på oppdraget: Nathan Osnes ser på Gud som sin arbeidsgivar på mange måtar. – Om Han fortel meg at eg skal flytte til Filippinane og jobbe fast med forkynning der, so gjer eg det. foto: Beate Muren  Foto: Beate Muren

– Du får oppleve utrulig mykje spanande når du er misjonsarbeidar, fortel Nathan Osnes. VIDEO: Nathan Osnes Ministries

Variert arbeid: Nathan Osnes jobbar mykje med ungdom, men er også aktiv i meinigheiter og forkynnar folk i alle aldrar rundt om i verda. FOTO: Privat  Foto: Privat

Nyhende

– Mange har etterspurt å få vite meir om kva eg jobbar med. Eg kjem til å dele litt frå arbeidet mitt i Europa, men fokuset kjem til å vere mest på Filippinane. Der reiser eg fast rundt og talar Guds ord. Eg er innom alt frå høgrisikofengsel til jungelen og får oppleve mykje forskjellige situasjonar.

Hald fast

Trass i sin unge alder har Nathan (22) opplevd ei side av verda mange ikkje har sett.

– Trass i utfordringar og problem som kan dukke opp i livet, så seier eg til folk at når ein har Gud, så endar det godt til slutt. Sjølv om det kan vere ei utfordring for somme å ha ei sterk tru når det stormar, så tenkjer eg det er godt å vite at ein aldri er åleine.

Rifla

Å stå godt planta i eiga tru kan vere vanskeleg når du er i eit miljø der Gud ikkje er eit populært tema for alle. Nathan kan fortelje at han har vore redd mange gongar, men at han likevel vel å stole på Herren.

– Ein gong fekk eg ei rifle retta mot meg. Då var eg ikkje særleg høg i hatten, men eg sa til gjerningsmannen: «dette skal du ikkje gjere», snudde meg og gjekk. Då var Gud til stades. Eg har sympati for menneska som hamnar på feil stad i livet – ikkje hat og fordømming. Jesus kom ikkje til jorda for å hjelpe dei som var på rett veg, han kom for å vise dei som hadde gått seg vill, den rette sti.

The Rock

Det er snart eitt år sidan forsamlingshuset til den Kristne forsamlinga «The Rock» brann ned til grunne i Myrvåg. Ved spørsmål om kva han tenkjer om brannen i ettertid svarer Osnes:

– The Rock var som ei familie for meg, nokke dei enda er! Det var sjølvsagt veldig trist at lokalet brann ned, men samstundes må vi berre prøve å vere positive. Vi er mange som har heldt kontakta, og mange av oss har nok kome enda nærare kvarandre som eit resultat av det vonde som hendte.

Mirakel kan skje

Osnes kjem til å dele mange gripande og kanskje for mange, uforklarlege, historier på møtet fredag, og viser forståing for at det kan vere vanskeleg å sjå for seg at mirakel kan skje.

– Eg har byrja undre sjølv fleire gonger, men eg stoler blindt på Gud, avsluttar Osnes.





Beate Muren