Dagens gladmelding frå Flø

Endeleg har tjelden kome, det er vår! (arkivfoto) 

Nyhende

I dag tidleg såg Olav Lynge tjelden i fjøra på Indreflø. Han sat på ein stein, like ved der Lynge sång tjelden 3. mars i fjor.

– No vert det vår! Det melder både yr. og tjelden, kommenterer Lynge.

Både i fjor og året før såg Olav Lynge den første tjelden 3. mars. I år vart det altså tre dagar seinare.

Men i 2015 såg han tjelden så tidleg som 27. februar.