Stenger fylkesveg grunna graving

Fylkesveg 37 i Hareid blir stengt ei stund utover kvelden 7. mars på grunn av gravingsarbeid.   Foto: Hareid kommune

Nyhende

Hareid kommune varslar på sine nettsider at fylkesveg 37 vil bli stengt grunna graving frå kvelden og utover natta onsdag 7. mars.

Kommunen opplyser at det blir skilta omkøyring. Vegen vil bli opna igjen så snart arbeidet er unnagjort.

Hareid kommune skriv også at det kan verte aktuelt å stenge av vatnet for nokre abonnentar medan arbeidet går føre seg.