Tre av fire ordførarar er menn

Kvinner er sterkt underrepresenterte i lokalpolitikken og har berre 120 av dei 425 ordførarverva. Det vil kommunalminister Monica Mæland (H) gjere noko med.

Kommunalminister Monica Mæland vil ha fleire kvinnelege ordførarar.   Foto: Terje Bendiksby/NTB Scanpix/NPK.

Nyhende

Delen kvinnelege ordførarar auka frå 22 prosent i 2011 til 28 prosent ved lokalvalet i 2015, men framleis er altså nesten tre firedelar av norske ordførarar menn, skriv Avisenes Nyhetsbyrå (ANB) og viser til tal frå Statistisk sentralbyrå.

– Dette er altfor dårleg i eit likestillingsland som Noreg i 2018. Ordførarvervet er ein posisjon som både menn og kvinner bør og vil ha, men det kan vi gjere noko med dersom partia ønsker det og jobbar målretta for å auke mangfaldet, seier Mæland (H).

Mæland vil gjere to konkrete grep for å jamne ut kjønnsbalansen. Det eine er ein motivasjonskampanje for å få fleire kvinner til å engasjere seg og ta på seg viktigare verv og posisjonar.

Det andre grepet er lanseringa av eit kommunebarometer med eit interaktivt kart. Barometeret skal vise representasjonen av kvinner i lokalpolitikken i alle norske kommunar.

– Heile poenget er at vi må skjerpe oss og gjere ein jobb med å få nominasjonen på dagsordenen. Med eit interaktivt barometer kan kommunane samanlikne seg med andre og konkurrere om å bli betre. Det kan skape debatt og bidra til openheit rundt temaet, seier ho.