Sande kommune:

Truleg ute av Robek innan to år

Sande kommune er på full fart ut av Robek-lista, skriv Vestlandsnytt.

Sande kommune kan vere ute av Robek-lista innan to år, skriv Vestlandsnytt. Her ser ein ut mot øyane i Sande og ned mot byggefeltet Hallelia på Larsnes.  Foto: Ole-Ottar Høgstavoll/Arkiv.

Nyhende

Lokalavisa for Herøy og Sande skriv på sine nettsider at Sande kommune kan vere ute av Robek-lista innan to år.

- Vi skal på ingen måte "ta av", men det er klart vi er letta over at 2017 ser ut til å kome ut med eit rimeleg bra overskot, seier ordførar Dag Vaagen (H) til Vestlandsnytt.

Overskotet i Sande kommune for 2017 ser ut til å hamne på rundt 8,6 millionar kroner, skriv avisa. I tillegg til auka skatteinntekter og skatteutjamning skuldast overskotet også ei avkasting på fonda til kommunen på rundt 4 millionar kroner.