– Eg set stor pris på at medelevane mine stiller opp

Det er framleis ei stund til russetida for alvor er over oss, men onsdag markerte årets russekull på Ulstein vidaregåande skule seg. Med svært positivt forteikn.

Stine Marø Sundgot og Isabella Sundgot er to av 95 russ frå Ulstein vidaregåande skule som onsdag samla inn pengar til Krafttak mot kreft.  

Nyhende

Vikebladet Vestposten blei med aksjonsansvarleg Isabella Sundgot og Stine Marø Sundgot, då dei som to av 95 russ gjekk rundt med bøsser for å samle inn pengar til aksjonen Krafttak mot kreft.

Årets aksjon ”Å leve er meir enn å overleve” handlar om at fleire og fleire overlever kreft, men at mange av dei som overlever blir ramma av seinskadar.

I lett snøvêr legg dei to russejentene vi følgjer ut på si runde i Sundgotmarka. 

"– Har du Vipps?"

Spørsmålet dukkar opp frå fleire av dei som får besøk av bøsseberarane. Svaret er heldigvis ”ja”, og dermed kan også dei som ikkje har kontantar liggande vere med på å støtte aksjonen.

– Det er kjempeflott. Det er heller ikkje alle som har like mykje i lommeboka som dei har lyst til å gi, og då kan dei bruke Vipps og bestemme sjølv kor mykje dei vil støtte aksjonen med, fortel Isabella Sundgot.

Flott

Totalt har Krafttak mot kreft ei mål om å samle inn 50 millionar kroner. Då er innsatsen til russen viktig.

 – Eg synest det er flott. Mange assosierer kanskje russ med noko dårleg, både fyll og fanteri, men vi vil bevise at ungdomen no til dags også kan gjere noko bra. I fjor sette Ulstein vidaregåande rekord for innsamlinga og det prøvar vi å gjere i år også. Vi har eit mål om å slå Volda og dei har samla inn nesten 300.000 kroner, fortel Sundgot.

Russen frå Ulstein vidaregåande skule har bøsseberarar fleire stadar i Ulstein kommune, samt i Herøy og Hareid. Men dersom ein ikkje fekk besøk av russen onsdag eller dersom til dømes bedrifter ønskjer å støtte aksjonen, så kan dei gjere det gjennom denne lenka:

https://innsamling.kreftforeningen.no/krafttakmotkreft2018/5-7682

Inspirert av fjoråret

Isabella Sundgot fortel at dei blir tatt godt imot når dei kjem på døra med innsamlingsbøssene og at det er mange som ønskjer å støtte Krafttak mot kreft. Som aksjonsansvarleg for Ulsteinrussen har ho hatt jobben med å få med seg resten av russekullet.

– Eg vart veldig inspirert av fjorårets aksjon og at det var så mange som var med då. I tillegg har kreft påverka meg mykje på grunn av onkelen min, og då bestemte eg meg for å stille. Eg set stor pris på at medelevane mine stiller opp og ser på dette som noko seriøst. At dei brukar fritida si til å samle inn pengar. Det er veldig få som har spurt om dette er ein russeknute, dei ser det som ei sjølvfølgje å vere med og det overraska meg positivt!

Er det ein russeknute?

– Ja, det er det, smiler Sundgot.  

Årets aksjon varer fram til 17. mars. Så langt i mars har Krafttak mot kreft samla inn nærare ni millionar kroner.