Fryktar oljeleiting på Mørekysten

Med den kunnskapen vi har i dag, er det einaste fornuftige å la gytefelta utanfor Mørekysten få liggje i fred, seier Nils Roar Hareide, som er dagleg leiar av Runde Miljøsenter 

Nyhende

Både fiskarar og forskarar fryktar at oljeleiting utanfor Mørekysten kan øydeleggje gytefelt.

– Ein bør ikkje tukle med dei viktigaste gytefelta, det kan få alvorlege konsekvensar, seier ringnotfiskaren Olav Svein Einebærholm til NRK.

I januar blei det klart at regjeringa gav utvinningsløyve til oljeselskapa på blokker 10 kilometer utanfor Mørekysten. Tildelingane er kontroversielle fordi dei ligg midt i dei beste gyteområda for fleire fiskeslag.

– Dette er grunnleggjande for økosystemet i havet. Brukar du eitt område, så påverkar det alle dei andre områda. Dersom fisken ikkje har gytefelta sine i orden, så blir det ingen fisk. Med den kunnskapen vi har i dag, er det einaste fornuftige å la det liggje, seier Nils Roar Hareide, som er dagleg leiar av Runde Miljøsenter, til statskanalen.