Mållaget:

Misnøgde med grammatikkutt i ny læreplan

Ny læreplan i norskfaget er no på høyring. Det blir foreslått å nedprioritere delar av det kulturhistoriske stoffet, som norrønt språk, eldre språk- og litteraturhistorie. Det likar Noregs Mållag dårleg.

Mållagsleiar Magne Aasbrenn ser både positive og negative sider ved framlegget til ny læreplan i norskfaget.  Foto: Noregs Mållag.

Nyhende

(NPK): – Linja frå norrønt språk til nynorsken blir dessverre svekt i det nye framlegget, men den linja har nok ikkje stått spesielt sterkt i elev-sinnet frå før, heller, seier mållagsleiar Magne Aasbrenn til nettavisa Framtida.no.

Aasbrenn peikar på at grammatikk i den nye læreplanen berre er oppført som kunnskapsområde for 1.–7. klasse. Det meiner han kan skape eit vagt skilje mellom nynorsk og bokmål for elevane.

Mållagsleiaren er likevel positiv til delar av læreplanframlegget. Mellom anna set han pris på at språkleg mangfald har blitt eitt av seks hovudpunkt i planen som no er på høyring.

Læreplanen er på høyring til 17. april.