Politihøgskolen

Rekordhøg kvinnedel blant søkjarane

Politihøgskolen opplever ein liten nedgang i søknadstalet. Dei er likevel nøgde og viser til ein historisk høg del kvinnelege søkjarar.

Kvart år tek Politihøgskolen imot nye politiaspirantar. Dette biletet viser studentar som fekk vitnemåla sine i 2015.  Foto: Gorm Kallestad/NTB Scanpix/NPK.

Nyhende

(NPK-NTB): 48 prosent av søkjarane i år er kvinner. Det er ein rekordhøg del, ifølgje Politihøgskolen.

– Vi er glade for at kvinnedelen blant søkjarane er så høg. Tradisjonelt sett har jo politiutdanninga vore mannsdominert, men dei siste åra har vi sett at politiutdanninga trekkjer til seg fleire kvinner, seier Ann-Lisbeth Framaas, seksjonsleiar for seksjon for opptak og rekruttering.

Totalt 4.706 personar har søkt om å koma inn på Politihøgskolen neste skuleår. Det er 168 færre enn i fjor, og det er også ein nedgang i søkjarar som har politiutdanning som førsteval. I 2017 hadde 3.763 søkjarar Politihøgskolen som førsteval, noko som er 365 fleire enn i år.