Einar Vik Arset seier til Vikebladet Vestposten at medan han var i permisjon dreiv han sitt eige firma der han selde konsulenttenester til både det private og det offentlege. Mellom anna vart han kontakta av Vanylven kommune som trong hjelp til planarbeid på grunn av låg bemanning. Arset sa seg villig til å hjelpe.

Han seier at det er feil at han fakturerte Vanylven kommune for 75 000 kroner for arbeidet med dei to planane. Han har utført forskjellig arbeid for kommunen som dei fekk faktura for. På dei to planane brukte han to arbeidsdagar på kvar plan.

– Forstår du at dette blir ei sak i kontrollutvalet?

– Det må eg ta til vitande, dei kan ta opp alle saker, svarer Arset.

– Endringane dine blir omtalt som minimale. Kor mykje arbeid har du lagt ned for å tilpasse planane til Vanylven?

– Endringane er minimale når ein ser på strukturen. Men eg har tilpassa innhaldet til Vanylven mellom anna med å opdatere statistikkar og tilpassingar til deira struktur, svarer Arset.

– Har du seld desse planane til andre kommunar?

– Nei, det har eg ikkje.

Opplyste at han såg til andre planar

Einar Vik Arset seier at då han fekk oppdraget frå Vanylven sa han frå om at han baserte seg på andre kommunale planar. Han sa ikkje eksplisitt ifrå at han la Ulstein kommune sine planar til grunn.

– Har du kontakta Vanylven kommune, slik kontrollutvalet ber deg om?

– Nei, no fekk eg kjennskap til dette i dag (onsdag), så det har eg ikkje gjort. Men eg kjem til å gjere det.

Meiner han har det etiske kompasset i orden

– Leiar i kontrollutvalet, Ivar Mork, uttaler at rådmannen bør vere eit etisk fyrtårn. Har du ein kommentar til det?

– Ja, det er eg heilt einig i. Eg opplever at mitt etiske kompass er rimeleg bra kalibrert, svarer Einar Vik Arset.