Trafikkulukke i Botnen

Trafikkulukke i Botnen.  

Nyhende

To bilar var involverte i ei trafikkulukke i Botnen seint onsdag ettermiddag.

Bilane kom køyrande mot Kvalnestunnelen og det er truleg snakk om ei påkøyrsle bakfrå.

Den eine bilen står halvvegs ut i eine køyrefeltet, og dette kan vere til eit visst hinder for trafikken. Politiet er på staden.