Trassa minusgradene

Sist helg trassa ti ulsteinspeidarar kulden og overnatta i snøholer ved Dalsmunnen.

Snøholetur: Denne gjengen overnatta sist helg i snøholer ved Dalsmunnen. Foto: Robin Vågeskar 

Hard snø: Snøen var ekstra hardpakka denne gongen, noko som gjorde gravearbeidet ekstra utfordrande. Foto: Robin Vågeskar 

Nyhende

– Det var ein spesiell snø å grave i denne gongen, i og med at han var svært kompakt, fortel Robin Vågeskar, ein av vaksenleiarane som var med på turen.

Han skildrar korleis speidarane stod på i ni timar for å grave ut tre snøholer.

– Vanlegvis nyttar vi mellom fire og og seks timar på denne jobben, opplyser Vågeskar.

Han fortel at innsatsen likevel var upåklageleg og at samhaldet i gruppa var godt.

– For dei fleste som var med, var dette ei ny oppleving, men eg trur at det gav meirsmak slik at dei fleste vil verte med på ny snøholetur, trur turleiaren.

Snøholeturen ved Dalsmunnen plar vere ein årleg aktivitet for Ulsteinspeidarane, men det er ikkje alltid tilhøva har vore tilstades for å bygge snøholer.

Trass i at snøen var tung å jobbe med denne gongen vart snøholene ferdige til slutt, men det tok ikkje lang tid før speidarane fekk lagt seg i soveposane og sovna.

– Vi var ikkje ute av soveposen før rundt kl 10. Då blei vi møtt av strålande finever, og nesten skyfri himmel. Etter frukost vart sekkane pakka og kursen sett nedover mot Bjåstadbakken. Alle kom seg heilskinna nedatt utan så mykje som ei lita skramme, fortel Robin Vågeskar som ønskjer å gi honnør til speidarane som var tøffe nok til å bli med på ein slik tur.