Selfievegg med Karsten

Nyhende

Ulstein næringslag har planar om å få til ein "selfievegg" nede på Sjøsida med bilete av Karsten Warholm. Dette skal gjerast i samarbeid med PEAB Nordang. Arbeidet er i gang, skriv Line Urke i søknaden sin til Ulstein kommune frå Ulstein næringslag.

Ulstein næringslag søkjer om støtte til drifta for 2018 på 200 000 kroner.

Rådmannen er positiv til å løyve pengane, men med nokre forventningar.

1. Det skal utarbeidast ein plan for medlemsrekruttering og for å auke inntektsgrunnlaget, så andelen frå medlemene går opp.

2. Ulstein næringslag skal ta ei aktiv rolle som motivator for å få med medlemer i prosessar knytt til sentrumsplan og reiseliv.

3 Ulstein næringslag prioriterer fem festivalar/arrangementshelger og sørgjer for at dei har ein fellesnemnar som gjer at dei framstår samla i marknadsføringa av Ulsteinvik, og ikkje som enkeltelement.

I framlegget til vedtak ber kommunen om tilbakemelding på desse tre punkta innan 15. mai.

Saka skal opp i Ulstein formannskap tysdag 13. mars.