Slutt på Glitter

Glitter avviklar butikken sin på Blåhuset. Dei held ope fram til påske.

FORNØGD BUTIKKSJEF: Elin-Marie tykkjer at Glitter høyrer heime på Blåhuset, men viser forståing for avgjersla som vart tatt. foto: Beate Muren  Foto: Beate Muren

Nyhende

Sentersekretær for Blåhuset, Kathrine Ulstein fortel at butikken ikkje har hatt det resultatet butikkjeda, Glitter har hatt ønske om.

– Det kan vere fleire årsaker til avviklinga. Det er til dømes fleire og fleire butikkar som utvidar sortimentet sitt og satsar på smykke og anna tilbehøyr i sitt varesortiment. Då vert det vanskelegare å drive reine nisjebutikkar. I tillegg er det sjølvsagt stor konkurranse på nettet, forklarer ho.