– Fotball har alltid vore ein veldig mannsdominert kultur, så vi er avhengige av at det kjem inn menn med ei meir moderne innstilling. Det er ikkje slik at damer berre kan trene damelag og menn berre kan trene herrelag, seier Skarbø.

Ho spelte sytten landskampar for Noreg før ho la opp i 2012. No er ho busett i Ulsteinvik med mann og to born. Ho sit i styret for IL Hødd og har engasjert seg som keepertrenar på damelaget til Hødd.

– Eg meiner at vi har kome såpass langt at vi no har eit samfunn som tenkjer meir kompetanse enn kjønn, seier ho.

– Tøft tema!

I «Heimebane» spelar Ane Dahl Torp rolla som trenar for det fiktive eliteserielaget Varg. Serien er hovudsakleg spelt inn i Ulsteinvik.

– Serien tek opp eit utruleg tøft tema! Eg trur mange menn ser at mange kvinner har mykje å tilføre fotballfagleg og gjerne kan diskutere fotball med damer. Men å gå frå det til faktisk å la ei kvinne leie eit lag, det trur eg framleis er eit stort steg, meiner Erika Skarbø.

Kva trur du må til for at Noreg skal få ei kvinne som trenar for eit herrelag?

– Først må klubbane få auga opp for at dei kan leite etter trenar i 100 prosent og ikkje berre i 50 prosent av befolkninga. Og så krevst det sjølvsagt ei dame som er tøff og som klarer å stå i ein tøff kultur.

Trur du det hadde vorte stilt andre krav til ei kvinne?

– Ja, eg trur nok ho måtte ha ytt meir enn ein mannleg kollega. Vise til resultat raskare, til dømes. Det er absolutt på tide med ei kvinne i ein slik posisjon, det hadde vore kult viss nokon torde å ta steget!

– Person viktigare enn kjønn

Ifølgje Hødd-årboka for 2017 har Hødd 20 lag for jenter/kvinner og 32 lag for gutar/menn. Klubben har 86 trenarar, berre ti av dei er kvinner.

– Vi har ein veg å gå, ja. Vi jobbar kvar dag med å få ein kultur der også damene vert like mykje verdsett og respekterte for det vi driv med. Og det er vel det det handlar om, same kva nivå vi er på, at person er viktigare enn kjønn, seier Erika Skarbø.

Kva elitelag trur du vert det første til å tilsetje ei kvinne som trenar?

– Det torer eg ikkje gjette på. Men eg er spent på kva som skjer vidare i «Heimebane», for rollefiguren Helena Mikkelsen er ein sånn type som torer å skilje seg ut. Eg trur nok fordommane ho møter er svært reelle også i det verkelege liv.

– Noreg er på mange måtar eit veldig likestilt samfunn. Er det då rart at denne diskusjonen kjem no i 2018?

– Eg trur nok problemstillinga på mange måtar har vore der ei stund. Noreg har faktisk nokre kvinner som utmerker seg som trenarar, men som likevel ikkje vert sett og respektert, seier Skarbø.

Kven tenkjer du på då?

– Monica Knudsen, til dømes. Ho var etter mi meining den tydelegaste kandidaten til landslagstrenarjobbar for damer. Ho har både Champions League-røynsle og teke serie- og cupgull i fleng.

No er du sjølv engasjert som keepertrenar på damelaget. Kunne du ha tenkt deg ein trenarkarriere?

– Nei, eg har ingen trenarspire i magen. Men det er kjekt å kunne bidra litt, spesielt sidan Hødd har ein visjon om å satse meir på jentene. Og så får eg spelt litt sjølv også. Det kan hende eg vil involvere med endå meir viss mine eigne born startar med fotball, seier Erika Skarbø.

Erika Skarbø på Høddvoll Foto: Linda Eikrem