– Mitt kall er jente- og damefotballen, eg har aldri hatt noko mål om å trene gutar/menn.

Kva gjer du viss du skulle få tilbod om å trene eit herrelag?

– Då hadde eg sjølvsagt vurdert det. Men eg trur det hadde vorte eit sjukt fokus på meg, seier Waage.

VM-gull

Anita Waage starta med fotball for gute- og jentelag i Hareid. Seinare spelte ho for Spjelkavik, Grand Bodø, Trondheims Ørn, Kolbotn og Skeid

– Dei fem åra i Trondheim vil eg seie var høgdepunktet i karrieren min. Vi tok fire cup- og seriegull og eg fekk plass på landslaget.

Waage var på det norske landslaget som vann verdsmeisterskapen i 1995.

– Spesielt i Trondheims Ørn vil eg seie at det aldri var trenarane som gjorde oss gode, det var det gode samhaldet i laget som førte til suksessen, seier ho.

Etter åra i Trondheim flytta ho til Oslo og spelte for Kolbotn.

– Då fekk eg ein langtidsskade i kneet og mista litt spelegleda. Det var vel då den første tanken kom om at eg kunne verte trenar. Og litt seinare, i Skeid, vart eg kasta inn som hovudtrenar då trenaren fekk sparken, fortel ho.

Har B-lisens

Seinare trente ho juniorlaget, J19, i Team Strømmen, før ho vart engasjert av Vålerenga.

– Då fekk vi damelaget opp frå andre til første divisjon. Så fekk eg jobb i Sunnmøre fotballkrets og hadde ansvar for krinslaget, før eg fekk jobben her i Hareid IL i 2014, seier Anita Waage.

Ho har i dag såkalla B-lisens som trenar. Viss ho skal vere kvalifisert til å trene lag i den øvste divisjonen, må ho ta kurset som gir A-lisens.

– Det er mykje arbeid for å få A-lisensen, med både praksis, samlingar og oppgåver. Eg er sikker på at eg er kvalifisert til å få plass på eit slikt kurs, men ein må både ville det og ha sterk motivasjon, seier ho.

Førebels har det ikkje vore aktuelt å ta dette kurset, men Waage vil ikkje sjå vekk frå at ho tek det ein gong i framtida.

Personlege eigenskapar

Anita Waage er i tillegg til å vere dagleg leiar i klubben, trenar for damelaget til Hareid.

– Eg valde å få leiarjobben litt på plass før eg engasjerte meg på trenarsida. Eg føler det er naturleg å bidra i moderklubben. Så då eg fekk spørsmål, sa eg ja til å vere med og stable på beina eit damelag igjen. Og det klarte vi i i fjor.

Kva kvalifikasjonar meiner du ein trenar må ha?

– Eg trur det er dei personlege eigenskapane som avgjer. Du må vere «tøff i haudet», ha tru på deg sjølv, vere i eit godt team.

Trur du det er stor skilnad på å trene menn og kvinner?

– Ja. No har eg ikkje trent eit herrelag nokon gong, men eg trur kanskje det hadde vore enklare på mange måtar? Mannfolka er ofte ikkje så kompliserte, damene har ofte meir samvit og skal ta omsyn til alle andre. Gutane er kanskje meir egoistiske, viss dei vil bli gode, så ofrar dei alt. Jentene skal vere flinke i alt og ta utdanning og stifte familie. Som trenar er det viktigast å ha spelarar som er motiverte, som vil noko, seier Waage.