Flyttar sentralbordet?

I løpet av våren kan sentralbordet i Hareid kommune bli flytta over til Vanylven.  

Nyhende

Også Hareid kommune vil overføre sentralbordet til Vanylven, slik Ulstein har gjort. Hareid formannskap vedtok samrøystes at Hareid går i forhandlingar med Vanylven for å få på plass ein avtale om drift av sentralborder med oppstart i løpet av våren 2018.


 

Finansiering skjer med omdisponering og utsett tilsetting i ny stilling. Formannskapet legg til grunn at opningstida blir frå 08.00 til 16.00 og at det blir nytta lokale telefonsvararstemmer.