Meiner Hareid bør setje ned ei grunnforhandlingsnemnd

Grunnforhandlingar: Oskar Grimstad ber om at det snarast kjem på plass ei slik nemnd.  Foto: Ole-Ottar Høgstavoll

Nyhende

Oskar Grimstad har på vegner av Hareid Framstegsparti sendt inn ein interpellasjon til kommunestyremøtet torsdag 15. mars.

Han viser til at kommunen står framfor store grunnkjøp i nære framtid. Han nemnar Holstadfeltet, vatn/kloakk til Røyset og andre prosjekt.

I staden for å lyse ut prosjektleiarar som skal ta seg av grunnforhandlingane, meiner han det er betre at det blir gjort av ei grunnforhandlingsnemnd, leia av ordføraren. Det vil spare kommunen for pengar og også skape meir tillit.