Brot på vassleidning

Mange abonnentar blir utan vatn nokre timar.

Abonnentar i Prost Ankers gate, Lånagjerde, Storegjerde og Vikegjerdet blir utan vatn nokre timar etter eit brot på ei vassleidning, melder Ulstein kommune.   Foto: Ulstein kommune

Nyhende

Ulstein kommune melder måndag at eit brot på ei vassleidning fører til at mange abonnentar i området bak skulane i Ulsteinvik blir utan vatn eit par timar framover.

Ifølgje Odd Kåre Wiik i teknisk etat er det abonnentar i området Prost Ankers gate, Lånagjerde, Storegjerde og Vikegjerdet som blir råka.

Reparasjonsarbeidet er i gong. Abonnentane som er råka har blitt varsla med SMS av kommunen.